7000 vossingar drog. Til kva, og kvifor?
Featured

7000 vossingar drog. Til kva, og kvifor?

Eirik Helleve er gjest i ei ny utgåve av mål- og litteraturkaféen Johannes. I samtale med Gunnstein Akselberg og Nils Kvamsdal får han denne kvelden høve til å gå i djupna på spanande tema og historier frå utvandringa som du ikkje visste om.

Bakgrunnen for samtalen er boka «Soria Moria - Utvandringa frå Voss til USA», og Eirik sit på mykje kunnskap. I tillegg til eit djupdykk i hendingar og menneskelagnader, får me servert musikk knytt til temaet. Og som vanleg; ein Johannes-tekst og forklaring av eit ord eller uttrykk med Gunnstein.

Velkomen til Tre Brør bar 25. september kl. 20. Medlem kr 150, ikkje medlem kr 250. 

Støtta av Folkeakademiet Voss og Voss Sparebank