images/2025/Johannes-oktober-2025-Ivar-Utne-nettsida.jpg#joomlaImage://local-images/2025/Johannes-oktober-2025-Ivar-Utne-nettsida.jpg?width=1920&height=1005
Featured

Alt om namn – allsong og mykje meir, på Mål- og litteraturkaféen Johannes

Me får denne gongen besøk av Ivar Utne, namneforskar og professor emeritus i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen. Han har i ei årrekkje forska på norske personnamn, stadnamn og namneskikkar, og er ein kjend formidlar med humor og forteljarglede. I tospann med Gunnstein Akselberg, som kan like mykje om stadnamn og etternamn, vert dette absolutt ein kveld for alle som har eit namn… Og i tillegg vert det mykje anna aktuelt og interessant målstoff denne kvelden. Og me toppar det heile med allsong av kjende og kjære nynorske songar!

Så no veit du kvar du skal tilbringa tysdagskvelden 21. oktober; i godt lag i Tre Brør bar kl. 20 Velkomen skal du vera.

Tilskipar er Voss mållag, med støtte frå Folkeakademiet Voss og Voss Sparebank.

Medlem i Voss mållag kr 150,- Andre kr 250 (Du kan òg bli medlem for kr 200 og få gratis billett!)