Ny utgåve av «Johannes» torsdag 28. august med Annlaug Børsheim og Olav Tveitane
Featured

Ny utgåve av «Johannes» torsdag 28. august med Annlaug Børsheim og Olav Tveitane

Torsdag 28. august kl. 20.00 er det klart ein ny runde med Mål- og litteraturkaféen Johannes! Me startar sterkt med duoen Annlaug Børsheim og Olav Tveitane (song og diverse strengeinstrument) som tolkar vakre og slitesterke songar av Robert Burns i Johannes Gjerdåker si uforliknelege gjendikting.

Robert Burns (1759–1796) er Skotland sin nasjonalskald, kjend for å løfta fram folkelege motiv og språk – og for klassikaren «Auld Lang Syne». Johannes gjorde desse tekstane til våre eigne med nynorske gjendiktingar – eit arbeid han fekk mange prisar for.

Kvelden startar med ein samtale mellom vertane Nils Kvamsdal og Gunnstein Akselberg og musikarane. Fast innslag er Gunnstein sin utvalde Johannes-tekst, og ei eller fleire ordforklaringar.

Medlem kr 150,- Ikkje medlem kr 250,-

Tips gjerne ein ven og ta turen til Tre Brør Bar! Me gler oss til å høyra desse vakre songane og nære tekstane i godt lag.

Støtta av Folkeakademiet Voss og Voss Sparebank