VOSS KULTURHUS – TORSDAG 4. OKTOBER – KLOKKA 19.00
Velkomen til lansering av ei bok Johannes Gjerdåker har arbeidd med i det siste, der han har gjort eit større utval av dikt frå Per Sivle. Boka er eit samarbeid mellom Gjerdåker og Villanden forlag som er utgjevar.
Tilskipar er Voss lyrikklag, forlaget og Voss bibliotek.
Den fyrste song, Lerka og andre skattar
- Villanden forlag v/Mona Grenasberg les og fortel om utvalet
- Diktopplesing av Johannes Gjerdåker
- Musikk og song av Sivle-songar
- Lanseringskake og kaffi
- Boksignering
Per Sivle er ein diktar som står i ei særstilling for folk. Alle kjenner «Den fyrste song eg høra fekk» eller «Lerka». Johannes Gjerdåker, ein av Noregs beste attdiktarar, har i lag med forlaget valt ut over 60 Sivle-dikt, både personlege, historiske og nasjonale skattar.
Og vesla lerka,
ho hev det so,
at finn ho ein tuve-topp fri for snjo,
so kved ho i
med sin gladaste song,
– so trur ho på vår
med ei einaste gong.
– «Å hei! å hi! å tiriliti!»
