Om målbruksplanar.
Eirik Helleve sitt innlegg på Skulemålseminaret til Hordaland mållag, 9.11.2019.
Eg skal snakka litt om målbruksplanar. Eg er invitert hit av di Voss mållag hadde eit lesarbrev om dette på trykk i lokalavisa Hordaland i oktober, og eg kjem snart til det brevet. Men eg er museumsmann, eg har stort sett arbeidd ved museum heile livet, og har diverre fått ein yrkesskade som gjer at eg ikkje kan snakka offentleg utan å dra nokre historiske liner.
Voss mållag vart skipa i 1898, og dei ti neste åra vart nynorsken gradvis ført inn på Voss. Frå 1906 var det lovleg å syngja Blix-salmar i Vangskyrkja. Salmane vart eigentleg røysta inn fem år tidlegare, men etter ein fullt ut forståeleg protest frå riksmålssida vart det ny røysting, og i denne omrøystinga gjekk det ikkje like godt. I 1907 vart det gjort vedtak om at alle skulane i heradet skulle bruka nynorske lærebøker. Hordaland, den største avisa på Voss, hadde lenge sympatisert med målsaka, og frå 1908 har den avisa vore redigert på nynorsk.
Voss mållag spelte nok ei rolle i alt dette, og dei var godt nøgde med framgangen. På årsmøtet i 1908 kom like godt formannen i laget med eit litt oppsiktsvekkande framlegg: «Målsaki her er no komi so pass langt at det vilde vera det rettaste å leggja Voss mållag ned». Endå meir overraskande er det at årsmøtet var samd med formannen. Etter ti års drift vart altså Voss mållag lagt ned. Tre år seinare kvikna laget til igjen, etter at Riksmålsforbundet ved fleire høve hadde sendt talarar til Voss (Ragna Nielsen og Yngvar Brun), og etter at Voss Riksmålsforening vart skipa i 1909. Sagt på ein annan måte – frå 1909 til 1911 hadde Voss riksmålslag, men ikkje mållag.
Og det er kanskje litt typisk for den lokale målsoga. Voss var som regel ikkje av dei aller fyrste som tok nynorsk i bruk på ulike område, det vanlege var at me kom diltande litt etter alle andre. Den eine gongen Voss herad var tidlegast ute handla det om målbruken til offentleg tilsette. I juli 1921 gjorde heradstyret vedtak om at dei ville ha alle innkomande skriv, føresegner, kunngjeringar, oppslag og skjema frå staten på «norsk mål». Initiativet til dette kom frå Voss mållag, og målhistorikaren Peder Hovdan skriv at dette er det «verdfullaste upptaket for målreisingi som Voss mållag har gjort». Det svir litt å seia dette, det er jo litt tungt å stå som leiar for eit mållag som nådde toppen for nesten 100 år sidan.
Dei kravde altså dette i 1921, men det tok tre år før ordninga vart innført. I 1924 skreiv statsråd Ivar Tveiten brev til alle dei tilsette i Kyrkjedepartementet om at dei som skreiv til departementet på landsmål skulle ha svar på landsmål. Fleire andre departement tok poenget, og fylgde etter.
I dei neste tiåra brukte Voss herad, og seinare Voss kommune, stort sett nynorsk. Språket og målføringa i kommunen var god, både på Tinghuset, på skular og elles. Det har likevel gradvis gått den galne vegen. Det er ikkje den same sikre språkføringa som før, og det er heller ingen som passar på at dei kommunalt tilsette bruker nynorsk. Det fanst ingen retningsliner for dette, og i 2014 drøfta me i styret til mållaget dette for fyrste gong. Me vart samde om å ta kontakt med Voss kommune for å høyra om dei ikkje skulle få seg ein målbruksplan. Det ville dei, og mållaget laga eit utkast.
Det skal eg snart snakka om, men det var denne yrkesskaden – eg må ta ørlite historie fyrst. Her støttar eg meg svært mykje på Vidar Høviskeland i LNK. Det vert brukt fleire omgrep om slike planar – eg har i alle fall registrert målbruksplan, språkbruksplan, språkplan. Innhaldet er mykje det same, det er retningsliner for språkbruken til dei kommunalt tilsette. Fyrste gong det er snakk om ein slik plan er truleg i 1994, då LNK lanserte kurset «Nynorsk språk og dokumentlære for lokalforvaltninga». I samband med dette kurset vart det laga ein mal for målbruksplan, og denne vart fyrste gong brukt i 1996. Noregs Mållag laga ein eigen mal for målbruksplanar det same året.
Kommunar er ikkje pålagde å senda planar inn til LNK, så det er litt usikkert kor mange kommunar som har målbruksplan. Saman med Nynorsk kultursentrum og Språkrådet gjennomførte LNK ei kartlegging i 2006, og fekk då melding om at 15 kommunar hadde vedteke ein slik plan. Høviskeland meiner at i dag har ein stad mellom 40 og 50 kommunar målbruksplan. Det er klart vanlegast i nynorskkommunar og i nøytrale kommunar. Harstad er den einaste bokmålskommunen som har målbruksplan, i følgje Høviskeland, men han er open for at det kan finnast fleire.
Heller ikkje på dette området var altså Voss ein føregangskommune. Me i mållaget tok altså dette opp internt i 2014, og i januar 2015 hadde me klar eit utkast me var bra nøgde med. Me inviterte lokalavisa Hordaland med oss til eit møte på kontoret til ordføraren. Ordføraren var gjennomgåande positiv. Han tok rett nok nokre atterhald, han visste at mange av dei kommunalt tilsette primært var bokmålsbrukarar, og sa at «dette kan verta eit døme på at noko som er lett å vedta, viser seg å vera vanskeleg å fylgja opp i praksis».
Kommunestyret vedtok planen i 2016. Det hadde altså teke over eit år, og på vegen gjennom kontora i Tinghuset hadde mykje viktig vorte skrella vekk. Utkastet dei fekk frå oss var på bortimot tre sider; den vedtekne planen er på ei og ei halv. Planen er uklar og vinglete, og er rart oppbygd. Dei aller siste linene burde ha opna heile planen – der står det at kommunen nyttar «nynorsk skulemål», har nynorsk som administrasjonsmål, og at kommunen krev nynorsk i alle skriv frå statlege organ. I staden for å opna med dette, står det fyrst i planen at det skal nyttast «former i skriftspråket som ligg opp til talemålet». Det er eit viktig poeng, men det burde vore presisert at det er det lokale talemålet som skal liggja til grunn. Ikkje minst av di det i punkt 4 òg står at det er valfritt å bruka me eller vi. Det er òg den einaste staden planen seier noko om kva slags nynorsk som skal skrivast – det står ingen ting om a-infintiv, ingen ting om fyrste kontra første, ingen ting om verta kontra bli, osb.
Voss har altså hatt målbruksplan sidan 2016, men den har ikkje hatt altfor stor effekt. Tidleg i haust vart mållaget kontakta av ein lærar på ungdomsskulen, som lurte på om ikkje mållaget kunne prøva å gjera noko med bokmålsbruken der. Ho sa at all intern kommunikasjon frå rektor er på bokmål, og rektor seier at han har fått dispensasjon til å bruka sitt eige hovudmål. Ho sa at det på minst ei av læringsplattformene som lærarane bruker ikkje finst nynorsk. Osb.
Me drøfta det i styret, og skreiv altså eit lesarbrev til Hordaland. Frå årsskiftet vert Voss kommune og Granvin herad slegne saman til Voss herad, og me brukte dette høvet til å fremja tre ynske for det nye heradet:
- Voss herad bør vedta ein målbruksplan
- Den målbruksplanen må vera betre enn den gjeldande for Voss kommune
- Dei tilsette må ta målbruksplanen på alvor
På det fyrste punktet hadde me eitt avsnitt med grunngjevingar, på det andre hadde me to avsnitt, og på det siste hadde me sju. Det er der skoen trykkjer, det må altså verta slik at dei tilsette tek målbruksplanen på alvor. Voss kommune har gode språklege intensjonar, men det vert ikkje fylgt opp. Det er ikkje uvanleg å få e-postar frå kommunalt tilsette der det vert brukt dialektord (dekan for dykk), det vert framleis brukt ein del bokmål på nettsidene til kommunen (det har kome seg, men det heiter vanlegvis møter og utvalg). Me oppmoda igjen om at alle tilsette vart sende på kurs, og om at det vert innprenta at nynorsk er arbeidsspråket i kommunen. Behovet for ei slik innstramming er stort. Det gjekk ei veke frå me sende inn brevet til det stod på trykk, og i den veka fekk eg to brev frå kommunen – eitt til kontoret, og eitt privat. Det på kontoret var godkjent heilt til det slutta med «Beste hilsen», det private var bokmål heile vegen.
Kommunen har svart på lesarbrevet, og dei har svart godt. Dei er klar over at dei har utfordringar, både med språk og språkføring. Dei vil gjerne få til kursing. Dei vil gjerne vera med på å sikra at alt digitalt i skuleverket er på nynorsk, osb. Dei skreiv at dei har laga ein ny målbruksplan for Voss herad, og at denne skal handsamast politisk i haust.
Det var altså eit godt svar. Det som gjer svaret godt er ikkje nødvendigvis det dei skriv, men at dei skriv noko. Gjennom lesarbrevet har dei signalisert at dei vil løysa dette problemet, og det er viktig. Bordet fangar.
Men det skal likevel meir til enn god vilje og gode målbruksplanar: Ordføraren sa altså til Hordaland i 2015 at han var redd for at dette vart ein plan som kunne verta vanskeleg å fylgja opp. Han fekk jo heilt rett. Språkbruken i kommunen har ikkje endra seg etter at planen vart vedteken i 2016. Ein kan godt spørja seg om kva som er vitsen med å laga målbruksplanar.
For òg på dette punktet er det slik at Voss kjem diltande etter. Dei er ikkje den fyrste kommunen som ikkje fyl opp vedtekne målbruksplanar. Eg repeterer ørlite: Den fyrste målbruksplanen kom i 1996, og i stad nemnde eg ei kartlegging LNK, Nynorsk kultursentrum og Språkrådet laga ti år seinare. På det tidspunktet hadde LNK fått melding om planvedtak i 32 kommunar. Då svara på kartlegginga kom inn, svara berre 15 kommunar at dei hadde ein målbruksplan. Fleire av kommunane som svara at dei ikkje hadde ein slik plan, hadde tidlegare sendt inn vedteken plan til LNK, dei hadde altså vedteke ein målbruksplan maksimalt ti år før den kartlegginga. Det er vanskeleg å vera usamd med Vidar Høviskeland når han skriv at «det kan jo tyda på at nokre av desse planane har hamna i skrivebordskuffa».