Fylgjande lover vart vedtekne på årsmøtet i Voss mållag 17. mars 2021
§ 1
Voss mållag skal arbeida for nynorsk på alle område, samla målfolk, auka kunnskapen om og vyrdnaden for nynorsk og dialektar, styrkja bruken av nynorsk i området vårt, og støtta arbeidet nasjonalt for meir nynorsk.
§ 2
Voss mållag skal vera innmeldt i Noregs Mållag gjennom fylkesmållaget Hordaland Mållag, med dei rettar og plikter eit lokalt mållag har.
§ 3
Arbeidsåret fylgjer kalenderåret. Laget held årsmøte innan utgangen av februar, kunngjort minst tre veker på førehand. Omframt årsmøte vert halde dersom styret vedtek det eller minst 1/4 av medlemene krev det.
§ 4
Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap og fastset den lokale delen av medlemspengekravet. Røysterett på årsmøtet har dei som har betalt medlemspengar for året som var.
§ 5
Årsmøtet vel
a) leiar ved særskilt val kvart år;
b) fire styremedlemer med tre varafolk. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og halvparten står på val kvart år. Varafolk vert valde for eitt år om gongen. Styret konstituerer seg på det fyrste styremøtet;
c) tre medlemer til valnemnda. Medlemene i valnemnda vert valde for tre år;
d) revisor;
e) utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag.
§ 6
Styret står for det daglege arbeidet mellom årsmøta. Styret er vedtaksført når det er kalla inn på vanleg måte og minst tre styremedlemer eller varafolk møter, mellom dei leiaren eller nestleiaren.
§ 7
Valnemnda lagar framlegg til årsmøtet om nytt styre og revisor. Styret gjer framlegg til årsmøtet om utsendingar til landsmøtet og medlemer til valnemnda.
§ 8
Laget vert å rekna som nedlagt når laget har færre enn ti medlemer. Laget vert òg rekna som nedlagt dersom det tre år på rad ikkje er sendt årsmelding til skrivarstova
§ 9
Dersom laget vert nedlagt, skal Noregs Mållag overta eiga. Dersom laget ikkje er skipa opp att innan fem år, skal Noregs Mållag disponera eiga til beste for målarbeidet i Voss herad.
§ 10
Framlegg til brigde i vedtektene må gjerast kjende for medlemene minst tre veker før årsmøtet. Eit framlegg til brigde treng 2/3 fleirtal for å verta vedteke. Framlegga kan ikkje endrast på årsmøtet dersom endringane fører til at meiningsinnhaldet vert endra.