Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Kunngjering om endring av lovene i Voss mållag

Dei gjeldande lovene for Voss mållag er snart 100 år gamle. Styret meiner det er på høg tid å fornya lovene og gjera dei i samsvar med notida, både i form og innhald. Eit framlegg til endring skal kunngjerast minst ein månad før årsmøtet.

Årsmøtet vert halde på Voss folkemuseum 17. mars 2021. Pga. korona-pandemien kan me ikkje gå ut med endelege detaljar om gjennomføringa no. Medlemane vil få ei ny melding to veker før, og møtet vert kunngjort i avisa Hordaland. I tillegg til lovendring vert det vanlege årsmøtesaker, og Tor Halvorsen frå Voss herad vil snakka om Voss som årets nynorskkommune.

Eventuelle innspel til lovendringane eller saker til møtet, kan sendast til Voss mållag på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 3. mars.

Her kan du lesa framlegg til nye lover

Her kan du lesa lovene frå 1923

Helsing styret i Voss mållag

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga