Dag Helleve og Irene Tillung
Featured

Sterk start på Johannes-året med Dag Helleve og Irene Tillung m.fl.

Dag Helleve er gjest i den fyrste Mål- og litteraturkaféen Johannes i år. I samtale med Gunnstein Akselberg og Nils Kvamsdal får me dukka ned i Dag sin mangslungne forfattarskap – frå romanen Brøyt som kom i 1985, til den ferske litterærmusikalske framsyninga HUSTVEIT. Irene Tillung komponerte musikken som vart urframført under Osafestivalen, og ho kjem for å gje oss smakebitar.

Både Dag og Irene bør vera velkjende for vossingar flest, men mål- og litteraturkaféen har alltid som mål å bringa fram noko nytt og forvitneleg. Og som vanleg har Gunnstein med ein av Johannes Gjerdåker sine tekstar, og gjerne nokre ordforklaringar undervegs.

Så kom inn i varmen på Tre Brør Bar torsdag 15. januar kl 20, og ta gjerne med ein ven til ei litterær og musikalsk oppleving av dei sjeldne.
Medlem kr 150. Ikkje medlem kr 250.

Arrangert med støtte frå Folkeakademiet Voss

            Folkeakademiet Voss