Dokketeater Voss mållag
Featured

Gratis dokketeater på Tre Brør 24/2

Me byr på gratis, feiande og flott dokketeater! I eventyret Den felespelande grashoppa får marionettane liv på magisk vis. Korleis? Det vil marionett-makar Wiebke fortelja meir om og visa oss. 

Laurdag kl 13 vert det kvalitetstid for heile familien, og aller mest for dei minste. Attpåtil med levande musikk og ein forteljar av rang! Som vanleg er Gunnstein Akselberg og Nils Kvamsdal vertar for mål- og litteraturkaféen Johannes i kjellaren på Tre Brør. Kaffi, kakao og bollar kan kjøpast i kafeen oppe og takast med ned. Gratis inngang for alle. 

Me loddar ut kjekke nynorske barnebøker til inntekt for mållaget.

Velkomen!

Medverkande: 

Einar Mjølsnes (forteljar), 
Wiebke Lüders (marionettspelar), 
Anne Arneberg (marionettspelar), 
Lukas Pawelka (hardingfele).

Arrangert med støtte frå Folkeakademiet Voss