Knut Hamre og Sinikka Langeland tolkar Olav H. Hauge og Hans Børli
Featured

Knut Hamre og Sinikka Langeland tolkar Olav H. Hauge og Hans Børli

To av dei fremste folkemusikarane i Norden i eit unikt samarbeid: Knut Hamre frå Granvin og Sinikka Langeland frå Finnskogen. I programmet Det blå landet har dei henta fram dikt av Olav H. Hauge og Hans Børli – to lyrikarar som på kvar sin kant har fanga magien, stillheita og mystikken i naturen. Med klangen av hardingfele og kantele skapar dei eit heilt nytt lydlandskap der folkemusikk og poesi smeltar saman til noko både jordnært og tidlaust.

Tre Brør bar, torsdag 20. november kl 20

Mål- og litteraturkaféen Johannes opnar som vanleg med ein tekst av Johannes Gjerdåker, presentert av Gunnstein Akselberg. Så fylgjer ein samtale mellom Knut, Sinikka, Gunnstein og Nils Kvamsdal; ein samtale som vil gje endå større utbyte av framsyninga. Etter ein kort pause får me så verta med langt inn i Det blå landet.

Det blå landet er eit musikalsk møte mellom to tradisjonar – Hardanger og Finnskogen – og mellom to poetiske røyster som har sett djupe spor i norsk litteratur. I musikken har Hamre og Langeland lete seg inspirera av naturlyden og mytane som ligg i landskapet, og av korleis diktarane Børli og Hauge såg naturen som porten til det usynlege.
Lengselen mot det hinsidige, som Hauge kallar «det blå landet», får rom og liv i klangen mellom kantele og hardingfele – to instrument med ulik tradisjon, men med same dragning mot det poetiske og gåtefulle.

Sinikka Langeland

Sinikka Langeland er songar, komponist og kanteleutøvar, og ein av dei mest særmerkte stemmene i nordisk folkemusikk. Ho sette tone til eit dikt av Hans Børli alt som 17-åring, og gav i 1994 ut albumet Langt innpå skoga, som vart hennar gjennombrot. Med ECM-utgjevinga Starflowers (2007) førte ho Børli sine dikt ut i verda, og ho har sidan turnert i Europa, Asia og Amerika. I 2011 kom albumet The Land That Is Not med musikk til dikt av Olav H. Hauge og Edith Södergran. "Det blå landet" er hennar første samarbeid med Knut Hamre.

Knut Hamre

Knut Hamre frå Granvin er ein av landets mest anerkjende spelemenn, og vert rekna som nestoren blant hardingfelespelarane i Noreg. Han har vunne Landskappleiken sju gongar, fått både Edvard Grieg-prisen og Myllargutprisen, og vart i 2017 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk folkemusikk. Hamre møtte Olav H. Hauge første gong som tolvåring og hadde kontakt med diktaren gjennom mange år. Han har sidan samarbeidd med Bodil Cappelen, Hildegun Riise og fleire i konsertar og framsyningar bygd på Hauge si dikting.

Vel møtt til ein sjeldan vakker og gripande kveld i Det blå landet! Denne opplevinga er gjort mogeleg med støtte frå Vekselbanken og Folkeakademiet Voss.

Medlemer kr 150. Andre kr 250.

 

Vekselbanken logo            Folkeakademiet Voss