
Poesikonsert med Hildegun Riise og Benedicte Maurseth
Tysdag 19/11 klokka 18 i Voss kulturhus, biblioteket.
Voss lyrikklag inviterer til poesikonsert saman med Voss mållag og biblioteket. Skodespelar Hildegun Riise les dikt av Jon Fosse, til nykomponert musikk av felespelar Benedicte Maurseth.
Med førestillinga «Blått svev» inviterer dei til ein poesikveld med dikt av Jon Fosse og nykomponert musikk av Benedicte Maurseth og Stein Urheim. Utgangspunktet for programmet er plata dei tre har spelt inn.
Jon Fosse er 60 år i år, og har i år også gjeve ut ei diktbok: «Stein til stein». Boka har fått terningkast 6 av kritikarar, og dette er utgangspunktet for bokkvelden.
MÅLPRIS
Voss mållag deler ut laget sin målpris til ein god nynorskbrukar i heradet.
DIKTARKRUS
Mållaget har også i år laga «diktarkrus» med sitat frå lokale forfattarar. Sjå og kjøp desse under bokkvelden.
Det vert høve til å kjøpa cd-ar, eit utval Fosse-bøker og andre aktuelle bøker.
Og tradisjonen tru vert det kaffipause med noko å bita i.
Inngang kr 205
(Foto: Thor Brødreskift)