Featured

Målrørsla har mykje å takka Hermund Slaattelid for

Hermund Slaattelid gjekk bort 5. mai, 92 år gammal.

På landsmøtet til Noregs Student- og Elevmållag i Bergen i 1971 innleidde Hermund Slaattelid om læremiddelstoda. I landsmøtereferatet i Gula Tidend 30.03.71 kan me lesa at Slaattelid sa dette: «Situasjonen i dag er ei grov og uverdig diskriminering av ei stor elevgruppe i den offentlege skulen, ei diskriminering som no er hardare enn nokon gong før.»

Hermund Slaattelid var ei drivkraft i arbeidet for nynorske læremiddel: Han var klårsynt med analytiske, strategiske og organisatoriske evner. Han var òg den som fronta saka mest klårt og tydeleg utetter, mellom anna i eit innslag på Dagsrevyen.

Slaatelid skreiv i eit lesarinnlegg i Dag og Tid 21.09.71: «I fjor rekna ein del flittige gymnaslærarar ut at berre 17% av lærebøkene i skulen er å få på nynorsk.» Lesarinnlegget konkluderte med: «Kanskje er vi ennå ikkje komne så langt at spørsmålet om lærebøker for nynorskelevane er blitt eit problem for dei som sit med makta og ansvaret? I så fall må hovudoppgåva no bli for lærarar og elevar i skulen å gjera saka til eit «problem» for politikarane.»

I 1971 var det enno ikkje lovfest at lærebøker og læremiddel skulle koma ut samstundes på nynorsk og bokmål i den vidaregåande skulen. Denne lovfestinga kom fyrst i 1974 og tok til å gjelda frå og med 1976.

I 1971 demonstrerte elevar i den vidaregåande skulen for nynorske læremiddel, fyrst i Øystese og seinare over heile landet. Elevar og lærarar såg det slik at fekk ikkje nynorskelevane lærebøker på nynorsk, var det berre eit tidsspørsmål før «nynorsken som skulemål leid kvelingsdøden». I demonstrasjonstoget på Voss 28. oktober 1971 deltok elevar frå dei vidaregåande skulane, og då demonstrasjonstoget stansa opp, var Slaattelid ein av dei som heldt appell. Læremiddelsaka vart lagd merke til og gjort til eit politisk problem.

Fyrst på 1980-talet var striden vunnen: Nynorskelevane fekk lærebøkene på nynorsk. Den som hadde stridd hardast for dette, var Hermund Slaattelid! Målrørsla har mykje å takka han for.

Fred over minnet hans.

Aslak L. Helleve og Knut O. Dale