Featured

Målmannen Aslak L. Helleve har gått bort

Aslak L. Helleve døydde fredag 18. juli, 78 år gamal. Aslak var utdanna lærar med m.a. norsk og historie i fagkrinsen. I 1969 var Aslak formann i NSEM – Noregs Student- og Elevmållag – etter at han i eit par år hadde vore engasjert i Studentmållaget i Bergen. Ei sak som Aslak brann for og stridde for var nynorske læremiddel, m.a. i samband med læremiddelaksjonen i 1971.

Etter å ha vore lærar i Aurland i nokre år studerte han vidare i Trondheim, og der var han aktivt med i arbeidet for å få til nynorske parallellklassar. Han var ivrig med i mållaget ved universitetet og la ned eit stort arbeid i skulemålsrøystingar i Trøndelag.

Han var formann i Voss Mållag 1982–84.

Aslak var venesæl og kunnskapsrik. Han godtok aldri halvveges kunnskap, han ville finna det som var sant og rett. Han var med å gje ut ei ny utgåve av Ivar Aasens Prøver av Landsmålet i Noreg på Vestanbok forlag i 1985, der han har skrive eit viktig etterord.

Fram gjennom åra la han ned eit stort målarbeid. Han var aldri redd for å seia frå i media om sakene han brann for. Det galdt m.a. i striden mot EEC i 1972.
På årsmøtet til Hordaland Mållag i 2020 fortalde han om bakgrunnen for skipinga av laget i 1970 og om målarbeid i 60- og 70-åra. Saman med m.a. Olaf Almenningen og Hermund Slaattelid arbeidde han for å stogga tilbakegangen for nynorsk skulemål. Dette var sterkt medverkande til at tilbakegangen vart vend til framgang i 1980-åra.

Me er takksame for at me lærde Aslak å kjenna og lyser fred over minnet hans.

Arve Elvik og Knut O. Dale