Featured

Innkalling til årsmøte i Voss mållag

Årsmøtet i Voss mållag vert halde 
16. februar kl. 19.00 i kantina på Voss ungdomsskule.

 

Vanlege årsmøtesaker:

  • Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokollen
  • Årsmelding
  • Rekneskap
  • Innkomne saker
  •  Val 

Før årsmøtet vert det samtale med Hermund Slaattelid om aksjonane for nynorske lærebøker i 1971.

Vel møtt!

MÅLPRIS

Styret vurderer å gje ein målpris til ein person eller ei verksemd som gjennom praktisk bruk eller på annan måte har fremja nynorsk i Voss herad. Ta kontakt med styret dersom du har forslag til prisvinnar.

ARRANGEMENT

Olaug Nilssen kunne ikkje stilla på bokkvelden i fjor haust, men me planlegg ein ny bokkveld med henne i vinter. I tillegg vert det eit arrangement med Ingvild Bryn, i samarbeid med Voss Kyrkjeakademi. Meir informasjon kjem.

Helsing styret