Skrive av Ragnhild Ure Søtvik, 10. klasse ved Sundve skule. Vinnar av Målblomen 2016
- Eit innblikk i tema språk, innvandring og integrering
Åh nei! Der kjem dei igjen. Kvifor kan dei ikkje berre lata meg vera i fred? Abdi kjenner magen knyte seg, hjarta hans galloperer fortare jo nærare dei 3 gutane kjem, den ukontrollerte pusten gøymer han ned i den slitte adidasjakka si. Det var fjerde gongen dei oppsøkte han denne veka. Denne veka, i dette nye landet Noreg, på denne nye skulen. Det som skulle vera den nye, fredelege starten. Gutane såg bestemte ut. Abdi hadde tidlegare klart å snu seg unna dei, men i dag, ja i dag såg dei bestemte ut. Dei peikar og gjev tydelege teikn til Abdi om at han må fylje med dei ned til det opne landskapet på skuleplassen. Det var vel her dei skulle pryle han, audmjuke han, slik at heile skulen fekk sjå det...
I fylje tal frå statistisk sentralbyrå var det i starten til 2015, 669 400 innvandrarar og 135 600 norskfødde med innvandrarforeldre i Noreg. Abdi var ein av desse. Og for dei som fylgjer med på nyheitsbiletet er det sannsynleg å tru at desse tala vil stige endå meir i 2016. Eg har sjølv fylgt med på nyhende den siste tida. Kritikk og problemstillingar om innvandrarane er blitt satt i søkjeljoset. Kva vil våre nye landsmenn koste oss? Vil innvandringa true velferdsstaten Noreg? Er det slik at jo fleire innvandrar me tek inn dess fleire problem får me? Eit stikkord her, tenkjer eg, må jo vera integrering. Samt, at språk er ein av dei største faktorane for å lukkast med dette. Men, kva er språk?
I fylje det store norske leksikon har språk den eigenskapen å bringe fram høyrbare (tale) eller synlege (teikn, skrift) ytringar som inneheld informasjon om sanseinntrykk, tankar, kjensler og så vidare, frå eit individ til eit anna. Ein kan vidare forstå språk, som eit system av reglar for danning og ytringar som er felles, for ei gruppe menneske. På same måte som andre reglar for sosial åtferd vil dette regelsystemet skifte frå samfunn til samfunn, slik at det fins eit stort omfang av ulike språk. Ei allmenn forståing av omgrepet språk, vil dermed vera at det fyrst og fremst er eit kommunikasjonsmiddel. Språk er vidare dynamisk, ikkje statisk. Det betyr at språket alltid er i endring, og kan endra seg mykje på berre nokre år. Vidare betyr dette at språket vårt i Noreg, kanskje vil verta påverka av Abdi (innvandring), og det språket han talar. Språk er også makt. Det kan trykke folk ned, og lyfte andre høgre. Vanskelege ord og utrykk kan skilje eit menneskje frå eit anna. Sjølv meiner eg at alle bør prøve å fokusere på kva folk seier og kva bodskapen deira er, heller enn korleis folk snakkar.
I ei stortingsmelding om ein heilheitleg integreringspolitikk påpeiker Barne-, likestillings – og inkluderingsdepartementet at det er ein klar samanheng mellom innvandrarar sine norskkunnskapar og deira moglegheiter til å delta i det norske samfunnet. Mellom anna er gode norskkunnskapar viktig for tilgang til arbeidslivet, som gjerne er den viktigaste integreringsarenaen i samfunnet. I tillegg kan språket vera grunnleggjande for at innvandrarar skal kunne hjelpe sine born (som Abdi) med skulegang, delta på fritidsaktivitetar og elles forstå og integrerast i det norske samfunnet. Men, korleis kan ein sikre dette? Fyrst og fremst har kommunane ei lovfesta plikt til å tilby gratis, individuelt tilpassa norskopplæring til alle som har rett på det. Norskopplæringa, samt introduksjonsordninga, som er spesielt retta mot flyktningar og dermed omfattar færre personar, er dei to viktigaste kvalifiseringstiltaka for nye innvandrarar.
For at flyktningane skal føla seg velkomne, må du ta initiativ. Vis at du ynskjer dei velkomne her. Inviter ungane på fritidsaktivitetar. Der kan dei kome inn i eit miljø, samt foreldra. Dess meir dei høyrer norsk, dess fortare lærer dei seg det.
Tittelen på denne teksten er oppkalla etter tittelen på ein av dei kjende songtekstane frå Halvdan Sivertsen. Songen som vart publisert i 1987 omhandlar mellom anna toleranse som er like aktuell i dag som den var for nærare 20 år sidan. Til slutt vil eg seie som Sivertsen: Syn tålmod mot våre nye landsmenn.
...Abdi fylgjer noko ufrivillig med dei 3 gutane bortover mot det opne landskapet. Abdi er stille og gjev ikkje gutane teikn til motstand, går berre langsamt og ser ned på skoa sine, i frykt for kva gutane skal gjera med han. Ein av gutane gjer ein brå bevegelse og kastar sekken sin ned frå skuldra. Abdi skvetter til. Ut frå sekken kjem ein fotball til syne. Ein fotball. Abdi veit jo godt korleis den skal brukast. Abdi kan fotball. Dette språket snakkar han!