VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Når mørkret blir litteratur - Ny sesong med "Johannes"
Featured

Når mørkret blir litteratur - Ny sesong med "Johannes"

16 år gammal såg Leander Djønne berre to utvegar: å rømma frå heimen i Odda eller ta sitt eige liv. Han valde å rømma. I dag bur han med familien på ein fruktgard i Ullensvang, der han lever som forfattar og visuell kunstnar – ved sida av arbeidet på garden.

Torsdag 3. september kl. 20 opnar Mål- og litteraturkafeen Johannes haustsesongen i Tre Brør Bar.

Les meir ...
Harde krigarar og mjuke tonar
Featured

Harde krigarar og mjuke tonar

Den prisløna historikaren Tore Skeie er gjest når Voss mållag sin faste duo Nils Kvamsdal og Gunnstein Akselberg inviterer til vårens siste Mål- og litteraturkafé Johannes torsdag 28. mai kl. 20.00 på Tre Brør bar. 

Les meir ...
Kva skjedde med kvinnene?
Featured

Kva skjedde med kvinnene?

Ny utgåve av mål og litteraturkaféen Johannes torsdag 23. april kl. 20.00 – Tre Brør Bar

Utvandringshistoria er ofte fortald gjennom mennene. Men kven var kvinnene – dei som tok steget over havet, bar ansvar, bygde heimar, arbeidde, sakna, lo, håpte og heldt livet i gang?

Torsdag 23. april kl 20.00 får me besøk av songaren og forteljaren Reidun Horvei og komponisten og musikaren Inger Kristine Riber. Dei har i ei årrekkje leita fram kvinneforteljingar frå Hardanger og Voss, og frå Vestlandet elles, i hundreåret 1825–1925.

Les meir ...
Hordaland Mållag heldt årsmøte på Voss
Featured

Hordaland Mållag heldt årsmøte på Voss

Voss mållag var godt representert då Hordaland Mållag samla seg til seminar og årsmøte på Scandic hotell laurdag 14. og sundag 15. mars. Det vart ei innhaldsrik og vellukka helg, med både fagleg påfyll, kulturinnslag og heider til ein særs verdig prisvinnar.

Les meir ...
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
Side 1 av 21

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Hans Majestet Kong Harald V til minne 
    28. august 2026

    Vi minnest i takksemd ein konge som var konge for oss alle, for Noreg og Norge, heile det mangfaldige landet vårt.

  • Samling for unge vaksne
    25. august 2026

    Mållaget inviterer til den populære samlinga for unge vaksne laurdag 19. september og søndag 20. september i Oslo.

  • Ta nynorsken tilbake, Wattn!
    14. august 2026

    Straumselskapet Wattn, som tidlegare har vore ei god nynorskverksemd, har no fjerna nynorsk som alternativ frå appen, og all nynorsktekst på nettsida er borte. Mange har teke kontakt med oss og reagerer sterkt på dette.

  • Språkpolitisk verkstad
    11. august 2026

    Nynorsk forum inviterer til debattmøte i dag klokka 16.30. Du kan få det med deg digitalt!

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395