Featured

Høyringsuttale om språket i Vestlandsregionen

Til Hordaland fylkeskommune

Dersom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vert eitt nytt «fylke», må nynorsk vera administrasjonsspråk.

Nasjonalt er nynorsk i mindretal, men på Vestlandet har nynorsk alltid stått sterkt. Dialekt er ein viktig del av identiteten til folk flest, og talemålet ligg her tett opp til nynorsk. Ved å oppretta ein språknøytral region vil det meste av kommunikasjonen frå Oslo koma på bokmål. Viss det ikkje er politisk vilje til å verna det nynorske kjerneområdet, vil språkmajoriteten i landet overkøyra mindretalet.

Nynorsk som offentleg målform i ein ny Vestlandsregion vil vera nødvendig for å halda på tradisjonar og den vestnorske identiteten. Det vil gjera alle meir fortrulege og kjende med nynorsk. Dette vil i sin tur styrkja heile det norske språket og det språklege mangfaldet.