VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

"Hvorfor er nynorskfolket så sinte?"

Nynorskfolket, det er oss det. Men det er skilnad på å vera opplødd og å vera sint. Me brukar heller ikkje å snakka negativt om bokmålet. Bokmålsbrukarar burde heller bruka energien sin på å fremja godt norsk språk generelt, i staden for å spreia negative haldningar til nynorsken.

IvarAasen utsnitt

Debattinnlegg av Erik Hanøy, saksa frå Bergens Tidende 20.mai 2016.
Foredragsholder, programleder, skribent, fotballkommentator, speaker, konferansier.

Har du noen gang havnet i en diskusjon om målformer med en nynorsk-entusiast? Det kan være svært interessant, for det skal ofte ikke mange motargumentene til før temperaturen hos vedkommende nærmer seg et middels søreuropeisk nivå. Dette er nemlig et svært betent tema, som skal behandles med største alvor!

Les meir ...
Featured

Minneord om Alf Jansen

Alf Jansen

Alf Jansen miste livet i ei ulukke 1. april. Med det har Voss mållag mist ein god og tydeleg leiar, som vil verta sakna av medlemmane i laget.

Alf kom inn i styret i Voss mållag i 2013. Det fyrste året delte han leiarvervet med Knut Farestveit, men frå årsmøtet 2014 var Alf leiar åleine. For Alf var nynorsk eit spørsmål om rettferd, identitet og kultur. Han brukte bokmål gjennom heile utdanninga si, men vart nynorskbrukar frå 25-årsalderen.

Les meir ...
Featured

Målprisen 2016 til Sylvsmidja AS

Sylvsmidja fekk utdelt Målprisen 2016 i samband med Voss mållag sitt årsmøte.

Alf Jansen deler ut Målprisen 2016 til Sylvsmidja AS

Grunngjeving er mellom anna at Sylvsmidja no brukar nynorsk konsekvent, etter ein kortare periode med bokmål, i brevbyte og all marknadsføring. Sylvsmidja er ei vellukka verksemd som profilerer seg nasjonalt i riksmedia, vekeblad og i digital reklame. Dermed knyter dei nynorsk til kvalitet, tradisjon og moderne design frå Voss.

Featured

«Den nynorske songskatten»

Voss mållag ber inn til foredrag og allsong med Terje Aarset, forfattar av «Den nynorske songskatten» i Olavsalen på Voss folkehøgskule, tysdag 1. mars kl. 19.00

 

I samband med tilskipinga vert det òg utdeling av Målprisen og Målblomen.

Ope for alle. Billett kr  100,-

Tilskiparar: Voss mållag, Voss Høgskulelag

Årsmøte i Voss mållag

Voss mållag held årsmøte tysdag 1. mars, kl 20.30 i Olavssalen på Voss folkehøgskule.

Vanlege årsmøtesaker. Saker som medlemmer vil ha handsama på årsmøtet, må vera styret i hende seinast 17. februar.

Voss mållag, Alf Jansen, leiar

  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
  • 20
Side 16 av 21

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Ei uro er kommen over meg
    5. mars 2026

    Eg klarer ikkje fri meg frå tanken om at vi snart må i krigen for sidemålskarakteren.

  • Valnemnda ynskjer Peder i to nye år
    2. mars 2026

    Noregs Mållags lengsitjande leiar er innstilt til to nye år. Heile styret får fornya tillit.

  • Hurra for Hudd på nynorsk!
    27. februar 2026

    – Dette er ein stor dag! Det er viktig for nynorskbrukarane å møte språket sitt på alle område, også på internett, seier Peder Lofnes Hauge.

  • Ny søknadsfrist for nynorskstipend!
    18. februar 2026

    Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar?

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

👉 Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
👉 Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
👉 Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
👉 Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
👉 Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
👉 Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

🔎 Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.