VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

Årsmøte i Voss mållag

Tysdag 7. mars kl. 19.00 i Olavssalen på Voss Folkehøgskule.

- Vanlege årsmøtesaker

Haakon Aase frå Noregs Mållag orienterer om aktuelle saker.

Eirik Helleve fortel om Lars Eskeland som vart fødd for 150 år sidan og som var den fyrste formannen i Voss mållag.

Velkomen!

Helsing styret

Lars og Marta Eskeland

Lars Eskeland var ein av dei verkeleg store i det lokale kulturlivet dei fyrste tiåra av 1900-talet. Ei av sakene han kjempa for var målsaka. Han melde seg inn i Målvinarlaget då han gjekk på Stord lærarskule. I 1898 var han med då Voss mållag vart skipa, og han vart den fyrste formannen i laget. Seinare vart han den fyrste formannen både i Vestlandske mållag og Norsk måldyrkingslag. (Biletet viser Lars og kona Marta på Voss Folkehøgskule tidleg i 1920-åra. Fotograf var sonen Sigurd. Eigar: Voss Folkemuseum)

Featured

Vinnarar av målblomen 2016

maalblomen2016

Voss mållag inviterte alle 10. klassingar i kommunen til å tevla om Målblomen vinteren 2016. Teksttevlinga vart gjennomført i samarbeid med Voss ungdomsskule og Sundve skule, og oppgåvene hadde språk som tema. Anne Siri Bauthus, leiar av norskseksjonen ved Voss ungdomsskule, Torbjørn Søgård, Sundve skule og Knut Farestveit, Voss mållag, sat i juryen.

Mange gode bidrag vart vurderte, og til slutt sat juryen att med to likeverdige vinnarar som kvar fekk 500 kroner og diplom under Voss mållag sitt årsmøte 1. mars 2016.

Les Ragnhild Ure Søtvik sin vinnartekst "Sommarfugl i vinterland"

Les Emil Trosvik sin vinntartekst "Treng me sidemål?"

aarsmoete2016

 

Featured

Høyringsuttale om språket i Vestlandsregionen

Til Hordaland fylkeskommune

Dersom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vert eitt nytt «fylke», må nynorsk vera administrasjonsspråk.

Nasjonalt er nynorsk i mindretal, men på Vestlandet har nynorsk alltid stått sterkt. Dialekt er ein viktig del av identiteten til folk flest, og talemålet ligg her tett opp til nynorsk. Ved å oppretta ein språknøytral region vil det meste av kommunikasjonen frå Oslo koma på bokmål. Viss det ikkje er politisk vilje til å verna det nynorske kjerneområdet, vil språkmajoriteten i landet overkøyra mindretalet.

Nynorsk som offentleg målform i ein ny Vestlandsregion vil vera nødvendig for å halda på tradisjonar og den vestnorske identiteten. Det vil gjera alle meir fortrulege og kjende med nynorsk. Dette vil i sin tur styrkja heile det norske språket og det språklege mangfaldet.

Featured

- Folk har knota bokmål lenge nok

Jon Fosse Foto: Roar Christiansen BT

NYNORSKMANN: – Talemålet til dei fleste på det sentrale Austlandet, der dei fleste austlendingar bur, ligg nærast moderne bokmål, medan det ligg nærast nynorsk for dei fleste på Vestlandet. Og det er gammalt nytt at austlendingen har sett litt ned på vestlendingen. Men Vestlandsfanden har i alle fall hatt nynorsken å visa for seg! (FOTO: Roar Christiansen - BT)

Dramatikar Jon Fosse kastar seg inn i kampen for å gjera nynorsk til hovudmål i vestlandsregionen. Han spår at Haugesund og Stavanger snart kjem til å gje opp bokmålet, men Bergen har han gitt opp...

Les meir (utklipp frå Bergens Tidende)

  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
  • 17
  • 18
  • 19
Side 15 av 22

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Sumarstengt på skrivarstova
    3. juli 2026

    Skrivarstova tek ferie frå måndag 6. juli til fredag 31. juli.

  • Språkpolitisk verkstad
    1. juli 2026

    Nynorsk forum inviterer til språkpolitisk verkstad på Arendalsveka.

  • – Verktøya skal vera gode tenarar for oss
    1. juli 2026

    I vår tok Åse Wetås heisen opp frå det gamle kontoret sitt hjå Språkrådet. No tek ho til som ny nasjonalbibliotekar.

  • – Det einaste ein kan gjere er å prøve å skrive skikkeleg sjølv
    1. juli 2026

    Språket er verdt å kjempe for, meiner Runar Gudnason. Men ein må starte med seg sjølv, seier mottakaren av Målprisen for 2026.

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

? Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
? Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
? Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
? Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
? Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
? Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

? Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.