VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

Jolegåvetips: kortreiste krus med lokale sitat

Krus IMG 3929

Voss mållag har valt ut sitat frå fire bautaer blant dei lokale diktarane; Per Sivle, Sjur Bygd, Johan Fjellby og Signe Seim. No er desse prenta på fine krus, i ein liten og eksklusiv serie. Krusa har god kvalitet og høver godt som jolegåver.

(NB! KRUSA ER NO UTSELDE, men det kjem krus med nye forfattarar i november 2019)

Krusa kan du sjå og kjøpa hjå kasseraren i laget – på Logolink, Vangsgata 26 A, nabobygget til Vekselbanken. (Mån–fre 08.00–15.30)
Prisen er 150 kroner per krus, eller 500 kroner for fire.

Ver raskt ute viss du vil samla ein heil serie, for kanskje vil me gjera krus på fleire diktarar neste år!

Krus IMG 3952
Krus IMG 3949
Krus IMG 3971
Krus IMG 3956
Krus IMG 3958
Krus IMG 3970
Krus IMG 3973
Krus IMG 3974

Featured

Bokkveld

VOSS BIBLIOTEK TORSDAG 15. NOVEMBER KL. 19

Velkomen til bokkveld der JAN INGE SØRBØ kjem til Voss bibliotek for å snakka om boka Nynorsk litteraturhistorie.
Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd.

Les meir ...
Featured

Per Sivle – boklansering

VOSS KULTURHUS – TORSDAG 4. OKTOBER – KLOKKA 19.00

Velkomen til lansering av ei bok Johannes Gjerdåker har arbeidd med i det siste, der han har gjort eit større utval av dikt frå Per Sivle. Boka er eit samarbeid mellom Gjerdåker og Villanden forlag som er utgjevar.

Tilskipar er Voss lyrikklag, forlaget og Voss bibliotek.

Den fyrste song, Lerka og andre skattar

  • Villanden forlag v/Mona Grenasberg les og fortel om utvalet
  • Diktopplesing av ​Johannes Gjerdåker
  • Musikk og song av Sivle-songar
  • Lanseringskake og kaffi
  • Boksignering

Per Sivle er ein diktar som står i ei særstilling for folk. Alle kjenner «Den fyrste song eg høra fekk» eller «Lerka». Johannes Gjerdåker, ein av Noregs beste attdiktarar, har i lag med forlaget valt ut over 60 Sivle-dikt, både personlege, historiske og nasjonale skattar.​

Og vesla lerka,
ho hev det so,
at finn ho ein tuve-topp fri for snjo,
so kved ho i
med sin gladaste song,
– so trur ho på vår
med ei einaste gong.
– «Å hei! å hi! å tiriliti!»

Per Sivle

Featured

VINJEKVELD

VOSS BIBLIOTEK – TORSDAG 5. APRIL – KLOKKA 19.00

6. april er det 200 år sidan AASMUND OLAVSSON VINJE vart fødd. Voss bibliotek feirar dagen saman med Voss Lyrikklag og Voss mållag.

OTTAR GREPSTAD frå Nynorsk Kultursentrum vil halda foredrag om Vinje.

D’KOR vil framføra songar av Vinje og det vert sjølvsagt ALLSONG og BLAUTKAKE i høve den store dagen.

Inngang kr 200,- / Medlemmer i Voss Lyrikklag kr 150,-

Aasmund Olavsson Vinje

  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
  • 13
  • 14
  • 15
  • 16
Side 12 av 20

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Nytt prosjekt for meir nynorsk i skulen i Rogaland 
    6. februar 2026

    I november starta Trond Salte som prosjektleiar for det nye prosjektet «Meir mål i Rogaland».

  • Viljen til språkstrid
    5. februar 2026

    I dag er Noregs Mållag 120 år. Vi vart skipa på eit «målmannastemne» før landsmøtet i Venstre 5. februar 1906.

  • Bergenselevane fortener solid språkopplæring, ikkje populistiske stunt
    30. januar 2026

    Medan Meyer-byrådet står i si verste krise, har Framstegspartiet funne tid til å initiere eit forsøksprosjekt som vil svekkje nynorsk. Det er ei oppsiktsvekkjande prioritering.

  • Jógvan Helge er ny redaktør i Norsk Tidend!
    21. januar 2026

    21. januar byrja Jógvan Helge Gardar som redaktør i Norsk Tidend. Han overtek rolla etter Vemund Norekvål Knudsen.

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

👉 Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
👉 Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
👉 Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
👉 Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
👉 Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
👉 Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

🔎 Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.