VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Featured

Takk!

Takk til Olaug Tvilde!

I samband med Olaug Tvilde si gravferd 9. oktober 2020 vart det gjeve gåver til Voss mållag på til saman 7550 kroner. Me er svært takksame for gåva og lyser fred over minnet til Olaug.

Featured

Minneord om Johannes Gjerdåker

Johannes Gjerdåker døydde 27. april, 84 år gamal. Gjerdåker var formann i Voss mållag ved to høve, 1978–79 og 1991–93, og sat òg fleire år i styret. Han var ein sikker og stø nynorskbrukar heile livet. Han var ikkje den som oftast tok ordet i offentlege ordskifte, men dei gongene han gjorde det, var han svært engasjert. 

Gjennom dei mange bøkene og artiklane sine viste Gjerdåker at nynorsk kunne brukast til alt. Han skreiv sakprosa, han skreiv eigne dikt, og han omsette dikt frå ei rekkje språk. Han hadde ei sterk språkkjensle og eit rikt ordtilfang, og omsetjingane hans var ikkje ferdige før han hadde funne det rette ordet.

Han var godt kjend med norsk målsoge, og han gjorde òg sitt til å gjera målsoga kjend for fleire. På sitt eige forlag, Vestanbok forlag, gav han ut tre bøker med tekstar av Ivar Aasen. 

Johannes Gjerdåker vart utnemnd til heidersmedlem i Voss mållag i februar i år. Me er glade for at han fekk den heideren, og me er takksame for alt han har gjort for det nynorske språket. Me lyser fred over minnet hans.

For styret i Voss mållag
Eirik Helleve

Featured

Velkomen til årsmøte

dji 0041

Me minner om årsmøtet i Voss mållag tysdag 10. mars kl. 19.00 på Voss gymnas.

Vanlege årsmøtesaker. I tillegg vil Snialvur Joanesarson fortelja om språksituasjonen på Færøyane.

Velkomen!

Featured

Johannes Gjerdåker heidra av Voss mållag

Johannes Gjerdåker heidersmedlem i Voss mållag

Styret i Voss mållag gjorde nyleg vedtak om å utnemna Johannes Gjerdåker til heidersmedlem i Voss mållag, for mangeårig og framifrå innsats for nynorsken. 

Johannes Gjerdåker (f. 1936) har vore leiar for Voss mållag ved to høve, 1978-79 og 1991-93, og sat òg fleire år i styret. Han har vore ein sikker nynorskbrukar heile livet. Han har skrive mykje lokalhistorie, han har hatt ei fast spalte i Hordaland, han har skrive eigne dikt og omsett dikt frå engelsk, tysk, latin, islandsk og persisk. I alt dette har han vist seg som stø skribent, med stor språkkjensle og rikt ordtilfang.

Gjerdåker har tidlegare vorte heidra av andre. I 1992 fekk han kulturprisen til Voss kommune, og for omsetjingane sine fekk han i 1997 Bastianprisen, i 1999 Melsomprisen og i 2006 Kritikarprisen. 

Eirik Helleve
leiar Voss mållag

(Bilete: Johannes Gjerdåker og Eirik Helleve, 19/2-2020. Fotograf: Arnfinn Gjerdåker)

 

  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
  • 12
Side 8 av 20

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Bystyret snudde nynorskvenleg innstilling
    19. januar 2026

    Stavanger bystyre har i dag vedteke å skifte til bokmålsopplæring på Stjernarøy oppvekstsenter i Stavanger.

  • I love the smell of nynorsk in the morning
    7. januar 2026

    Nynorsk er framleis nærmast usynleg på det store lerretet. Kvifor skal ikkje dei som går på kino over heile landet, få sjansen til å lesa nynorsk teksting?

  • Søk nynorskstipend!
    5. januar 2026

    Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar?

  • Rekordstort Noregs Mållag veks vidare!
    29. desember 2025

    Rekordstort Noregs Mållag veks vidare. Denne veka nådde organisasjonen det høgste medlemstalet på 40 år, heile 16 426 medlemer.

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

👉 Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
👉 Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
👉 Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
👉 Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
👉 Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
👉 Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

🔎 Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.