VOSS MÅLLAG
  • Framsida
  • Styret
Velkomen til festkveld 4. februar!
Featured

Velkomen til festkveld 4. februar!

Kjære medlem! Voss mållag vart skipa 4. februar for 125 år sidan. Det skal markerast på festleg vis i Osasalen på Ole Bull Akademiet kl. 18–20.30. Ingvild Bryn losar oss gjennom eit program som spenner frå språklege ablegøyer til målpris og språkpolitikk. Og det vert flotte musikalske innslag og allsong. Ikkje vent med å kjøpa billettar, for her ventar me fullt hus!

Les meir ...
Sjumilssteg i språkhistoria
Featured

Sjumilssteg i språkhistoria

Sylfest Lomheim er ein populær formidlar og ein dyktig debattant med klare meiningar om språk og språkpolitikk. Han var den fyrste direktøren for Språkrådet og er ei kjend stemme frå m.a. Språkteigen i NRK. Han er i dag professor i norsk ved Universitetet i Agder. I Vonheim er temaet ”Sjumilssteg i språkhistoria”, der han startar med språket i Noreg på Jesu tid og endar på totusentalet. Han tek gjerne med seg gitaren òg. Etter føredraget vert det kaffi, te og noko å bita i, og kanskje har du spørsmål eller kommentarar til Sylfest?

VONHEIM, onsdag 28/9 kl. 19.00

Engasjerande føredrag om språket i Noreg.
Kaffiøkt.
Inngang kr 100

Tilskiparar: Folkeakademiet Voss og Voss mållag,
med støtte frå Folkeakademiet Hordaland

Voss mållag på Vossadagen
Featured

Voss mållag på Vossadagen

Voss mållag fekk vist seg fram med stand på Vossadagen, som er eit samarbeid mellom Voss herad, frivillige lag og organisasjonar og Voss sentrum. Det gav resultat, og me kan ynskja fleire nye medlemer velkomne!

Vossadagen 2022

Målblomen 2022
Featured

Målblomen 2022

Amalie Umandi Lien, Eric Selland og Gudmund Andresen er kåra til vinnarar av Voss mållag sin årlege skrivekonkurranse Målblomen. Me gratulerer vinnarane! Her kan du lesa tekstane deira, som handla om språkforskaren Ivar Aasen. (Henta frå avisa Hordaland sin artikkel om Målblomen 7. mai 2022)

  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10
  • 11
Side 7 av 21

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Nytt frå Noregs Mållag:

  • Stipend for å fremja nynorsk litteratur
    18. mai 2026

    Har du eit skriveprosjekt som treng støtte? No kan du søkje stipend hjå Longvafondet.

  • Nynorskdagen vart ein suksess!
    13. mai 2026

    Nynorskdagen vart feira over heile landet.

  • Feiring av nynorskdagen!
    12. mai 2026

    Det er feiring og markering av dagen over heile landet. I Gloppen flagga dei på nynorskdagen!

  • – Det er lov å skriva feil!
    6. mai 2026

    – I nynorskveka kan alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg prøva seg fram: No får alle lov av Noregs Mållag og Norsk Målungdom til å skriva feil!

© 2026 Voss mållag - Org.nr. 997870395 - Nettside levert av Logolink
Instruksen til KI

Inge Draugsvoll:
(Tredje forsøk ...) Begynn på nytt. Ikkje kall det eit medlemsmøte og ikkje eit føredrag. Kall det ein samtale på "Mål- og litteraturkaféen Johannes". Du må få fram kva dei tre deltakarane i samtalen bidrog med, ikkje berre Vassnes sine hovudpoeng. Vektlegginga mellom desse tre kan samsvara med fordelinga du finn i mengden ord i transkripsjonen. Fortsatt Ingress + ca 900 ord artikkel. Ver veldig tru mot kronologien i samtalen. Og ikkje legg til eigne betraktningar.

KI:
Tusen takk for klår instruks!
Eg forstår no heilt presist kva du ønskjer:

? Mål: Ein ca 1200 ord lang artikkel
? Stil: Veldig tru mot kronologien i samtalen
? Innhald: Berre det som faktisk blei sagt – ingen eigne betraktningar
? Tone: Sakleg, levande nynorsk – tilgjengeleg for lesarar av Voss mållag si nettside
? Rolle: Alle tre (Gunnstein, Nils, Bjørn) skal få fram sitt bidrag naturleg i flyt med samtalen
? Scene: Det heile skal skje på "Mål- og litteraturkaféen Johannes"

Eg gjer no ein ekstra nøyaktig planlegging før eg skriv, for å sikre kvalitet:

? Plan for teksten

  • Ingress (ca 100 ord) som presenterer kaféen og temaet.
  • Hovuddel (ca 1100-1150 ord) som følgjer samtalen naturleg punkt for punkt:
    • Gunnstein opnar om sakprosa og lesing frå Johannes si bok.
    • Språkprat mellom Gunnstein og Nils om attdikting/omsetjing.
    • Nils introduserer Bjørn Vassnes og boka hans.
    • Bjørn sin bakgrunn blir kort skildra.
    • Diskusjon om intelligensomgrepet og opphavet til kunstig intelligens.
    • Historiske døme (Turing, Eliza, Berkeley-opplevinga).
    • Kva kunstig intelligens kan og ikkje kan.
    • Problematikk rundt KI si vurderingsevne (Stanislav Petrov-eksempelet).
    • Nynorsk og KI: Gunnstein sine vurderingar.
    • Datakvalitet og KI sin sjølvforsterkande feillæring.
    • Samfunnsutvikling (Gutenberg parallellen) mot slutten.
    • Avslutning med samanfatning av kva som står på spel.