Takk til Gunnstein Akselberg, Nils Kvamsdal og Astri Sudmann for ei triveleg adventsstund i kjellaren på Tre Brør. Om joletradisjonane endrar seg, så kan alle einast om at godt lag og noko godt å bita i er viktig for oss alle. Så ein særskild takk til publikum, frå dei yngste til dei eldste, og til Tre Brør som laga det koseleg og serverte lussekattar, gløgg og jolebrus. Dette var den tredje tilskipinga av Mål- og litteraturkaféen Johannes i regi av Voss Mållag, og fleire kjem neste år!
Våre vener i Kvam mållag, Folkeakademiet Kvam, Fosse-stiftinga og Kyrkja i Kvam inviterer til Fosse-dagar i Strandebarm.
Programmet finn du på fossedagene.com
Ver med å feira den store dagen for Jon Fosse, og for nynorsken. Les om markeringa på gymnaset lengre nede i teksten.
Voss feirar Fosse
At nobelprisen i litteratur går til den makelause Jon Fosse, fortel om krafta i det nynorske språket. Sjølv ser han prisen som ein pris til nynorsken. Eit lite språk vil alltid vera under press. Fleirtalet og mektige krefter i samfunnet ser sjeldan verdien av å halda oppe nynorsk som berar av kultur og identitet, eller som eit godt bruksspråk.