Innkalling til årsmøte i Voss mållag
Årsmøtet i Voss mållag vert halde
16. februar kl. 19.00 i kantina på Voss ungdomsskule.
Vanlege årsmøtesaker:
- Val av møteleiar, referent og to til å skriva under protokollen
- Årsmelding
- Rekneskap
- Innkomne saker
- Val
Før årsmøtet vert det samtale med Hermund Slaattelid om aksjonane for nynorske lærebøker i 1971.
Vel møtt!
MÅLPRIS
Styret vurderer å gje ein målpris til ein person eller ei verksemd som gjennom praktisk bruk eller på annan måte har fremja nynorsk i Voss herad. Ta kontakt med styret dersom du har forslag til prisvinnar.
ARRANGEMENT
Olaug Nilssen kunne ikkje stilla på bokkvelden i fjor haust, men me planlegg ein ny bokkveld med henne i vinter. I tillegg vert det eit arrangement med Ingvild Bryn, i samarbeid med Voss Kyrkjeakademi. Meir informasjon kjem.
Helsing styret