Voss mållag
  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga

Voss mållag

Minneord om Johannes Gjerdåker

Johannes Gjerdåker døydde 27. april, 84 år gamal. Gjerdåker var formann i Voss mållag ved to høve, 1978–79 og 1991–93, og sat òg fleire år i styret. Han var ein sikker og stø nynorskbrukar heile livet. Han var ikkje den som oftast tok ordet i offentlege ordskifte, men dei gongene han gjorde det, var han svært engasjert. 

Gjennom dei mange bøkene og artiklane sine viste Gjerdåker at nynorsk kunne brukast til alt. Han skreiv sakprosa, han skreiv eigne dikt, og han omsette dikt frå ei rekkje språk. Han hadde ei sterk språkkjensle og eit rikt ordtilfang, og omsetjingane hans var ikkje ferdige før han hadde funne det rette ordet.

Han var godt kjend med norsk målsoge, og han gjorde òg sitt til å gjera målsoga kjend for fleire. På sitt eige forlag, Vestanbok forlag, gav han ut tre bøker med tekstar av Ivar Aasen. 

Johannes Gjerdåker vart utnemnd til heidersmedlem i Voss mållag i februar i år. Me er glade for at han fekk den heideren, og me er takksame for alt han har gjort for det nynorske språket. Me lyser fred over minnet hans.

For styret i Voss mållag
Eirik Helleve

Støtt Voss mållag

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem.

Les om korleis du støttar Voss mållag

Test deg sjølv

Kor godt kjenner du lokale ord og uttrykk?
Prøv den uhøgtidlege dialekttevlinga

Her kan du lesa siste nytt frå Noregs Mållag. (Opnar i nytt vindauge)

  • Googlesinynorskemordliste Googlesinynorskemordliste – Vi lever i ei ny dansketid – der makta over det norske språket igjen ligg i utlandet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.The post Googlesinynorskemordliste appeared first on Noregs Mållag.

  • VelnynorskforbarnetdittiBergen VelnynorskforbarnetdittiBergen Bystyret i Bergen har sett av 2 millionar kroner for å opprette ei fast nynorskklasse i Bergen.The post VelnynorskforbarnetdittiBergen appeared first on Noregs Mållag.

  • Berre130medlemeratttil14000! Berre130medlemeratttil14000! – I dag har vi passert 13 870, smiler Peder Lofnes Hauge. The post Berre130medlemeratttil14000! appeared first on Noregs Mållag.

  • Nynorsk+SognogFjordane=sant! Nynorsk+SognogFjordane=sant! No står den siste bokmålsskulen i Sogn og Fjordane for fall. The post Nynorsk+SognogFjordane=sant! appeared first on Noregs Mållag.

  • FramleisnynorskiMøreogRomsdal FramleisnynorskiMøreogRomsdal Administrasjonsspråket i Møre og Romsdal fylkeskommune skal framleis vere nynorsk, har fylkestinget bestemt.The post FramleisnynorskiMøreogRomsdal appeared first on Noregs Mållag.

Godt sagt!

Herre konge!

Ordførar Nils J. Finne under opninga av Bergensbanen 27.11.1909, då han vart den fyrste som tala på nynorsk til ein norsk konge

  • Framsida
  • Presseklipp
  • Lagsarbeid
  • Styret
  • Peikarar / Nyttige sider
  • Soga