Tre språklege ynske for Voss herad
I 2016 fekk Voss kommune endeleg ein målbruksplan. Før den komande samanslåinga har Voss mållag tre ynske:
- Det må lagast ein eigen målbruksplan for Voss herad
Dette ynsket er sjølvforklarande. Me bur midt i eit stort nynorskområde, men nynorsk er likevel under press her. Det er flott at det nye namnet er «herad», men eit slikt namn forpliktar. Ein målbruksplan er med på å streka under at nynorsk er administrasjonsspråket i heradet.
- Den målbruksplanen må vera betre enn den Voss kommune vedtok
Det er mykje godt å seia om målbruksplanen frå 2016, men der er òg manglar. Det står at ein skal leggja skriftspråket nært talemålet, men strekar ikkje under at det er det lokale talemålet som gjeld. I staden står det at det er valfritt å bruka me eller vi. Planen burde vore klar på at det er den lokale dialekten som skal liggja til grunn for kva former som skal brukast, altså at ein til dømes skal bruka me, fyrste (og ikkje første), verta (og ikkje bli) og a-infintiv.
Den gjeldande planen er i knappaste laget. Det bør stå noko om kvifor planen er viktig. Det kan gjerne stå noko om kor lenge Voss og Granvin har vore nynorskkommunar. Det kan gjerne vera tips til bøker og nettstader som har gode retningsliner for god språkbruk. Og planen bør absolutt opna med ei setning om at tilsette i Voss herad skal bruka nynorsk.
- At dei tilsette i Voss herad faktisk tek målbruksplanen på alvor
Det me ser av nynorsk frå tilsette i kommunen er diverre ikkje alltid like godt. Det vert gjerne brukt dialektord (som dekan for dykk), og det vert altfor ofte brukt bokmålsord.
Det er særskilt viktig at tilsette i skulen bruker nynorsk konsekvent. Informasjon frå lærarar til heimane er gjerne på bokmål, informasjon internt på skulane kan koma på bokmål. Det er ikkje godt nok.
Det er òg viktig at alt som vert brukt av digitale læremiddel finst på nynorsk. Ved Voss ungdomsskule og i grunnskulen har dei nyleg teke i bruk læringsplattforma Skooler. Den nynorske versjonen av Skooler er ikkje ferdig utvikla. Slik er det òg med administrasjonsplattforma Visma, som vert brukt av kommunen. På Ungdomsskulen bruker dei Drømmeskolen, eit godt program som skal stimulera til godt miljø på skulen, men alt innhaldet er på bokmål. Har nokon i kommunen protestert på dette? Har nokon meldt tilbake til Skooler og Visma at dei må laga nynorskversjonar? Og viss dei har gjort det, kvifor har dei teke desse i bruk før dei finst på nynorsk?
Ein treng heller ikkje leita lenge på nettsidene til Voss kommune før ein finn bokmål. Det står utvalg, det står om politiske møter, det står måned. Hovudinntrykket er at språket på desse nettsidene har kome seg, men det står ein del arbeid att før alt er på nynorsk.
I den gjeldande planen står det at kommunalt tilsette skal få tilbod om kurs og rettleiing i nynorsk. Me veit ikkje kor ofte det vert gjennomført slike kurs, men me sit att med ei kjensle av at det kunne vore fleire. På slike kurs må det òg strekast under kva det vil seia at Voss er eit nynorsk herad: Ein skal ha nynorsk i tankane heile tida når ein skriv. Alle skjema skal vera på nynorsk, alle digitale løysingar skal vera på nynorsk, osb.
Me veit at Voss herad har fått tilskot til å kursa tilsette i klart språk. Det er viktig, men det er òg viktig kva målform som vert brukt. Voss mållag stiller gjerne til møte der dette kan drøftast. Det kan òg vera lurt å samarbeida med andre kommunar for å betra tilhøva. LNK, Landssamanslutninga for nynorskkommunar, har nyleg oppmoda alle medlemskommunane om å arbeida for at digitale program vert definerte som læremiddel, slik at det desse programma kjem på både nynorsk og bokmål.
For Voss mållag
Eirik Helleve
leiar
(Artikkelen stod fyrst på trykk som lesarbrev i avisa Hordaland 26.9.19)