Verv ein ven eller ein vilt framand
Me veit det er mange på Voss som er opptekne av nynorsk og alt det Noregs Mållag står for. Sjølv om nynorsk står sterkt her lokalt, er språket vårt under press. Det er viktig å bruka nynorsk i det daglege, men nokon treng å stå opp for nynorsken sine rettar over alt i samfunnet.
Difor er det viktig for lagsarbeidet og aktivitetane at Voss mållag har mange medlemer. Vil du gjera ein innsats for at fleire skal melda seg inn, er det berre å møte opp ved inngangen til Meny på Amfi-senteret laurdag 1. oktober kl 11.
Der vil du møta mållagsmedlemer, og me vil prøva å vera synlege, dela ut materiell og verva fleire medlemer. Nokre av oss går til kulturhuset og Vangen òg. Vil du vera med, så heng på!