Jolegåvetips: diktarkrus med lokale sitat
Voss mållag har i år òg valt ut sitat frå fire lokale ordkunstnarar. No er det sitat frå Johannes Gjerdåker, Ruth Lillegraven, Ingjald Bolstad og Hans Skjervheim som prydar dei fine krusa i ein liten og eksklusiv serie. Krusa har god kvalitet, tåler maskinoppvask og høver godt som jolegåver.
Krusa kan kjøpast hjå kasseraren i laget, Inge Draugsvoll, på Logolink i Vangsgata 26, nabobygget til Vekselbanken.
Prisen er 150 kroner per krus, eller 500 kroner for fire.
Overskotet går til drifta av laget.
I fjor vart alle krusa selde før jol. Ver raskt ute viss du vil samla ein heil serie!