Bergen og nynorsken
I desse tider, med diskusjon om styringsspråket i ein eventuell Vestlandsregion, og med Bergen som den største byen, kan det vere nyttig med eit par påminningar om Bergen og nynorsken:
Vestmannalaget, det eldste mållaget i landet, vart skipa i 1868 av 36 personar frå Bergen - stort sett frå den bergenske handelsstand, med namn som Krohn, Christie, Krüger, Grieg, de Lange, Janson, Kooter, Beyer, Friele, Elbrecht, Johannessen, Paulson, Schram, Giertsen, Ellerhusen, J. W. Eide, Herwegh, Lehmann, Michelsen og Bugge. 27 frå det private næringsliv, 4 lærarar, 3 teologar, 1 bonde (til Årstad gard, seinare stortingsrepresentant), og ein med ukjent yrke.
Erkebergensaren Arild Haaland var æresmedlem i Vestmannalaget, med diplomet hengande ved inngangsdøra til kontoret på Universitetet.
Bergensentusiasten Sjur Holsen gjekk inn for Bergen som «nynorskens hovedstad»: «her nyttar me nynorsk», «her er me annleis» (De hårsåres diktatur, 2013, s. 43 ff).
Det blir sagt at tidlegare formann i Bergen Riksmålsforening, Knud Blaauw, tok overgang og melde seg inn i Noregs Mållag, og at Harald Sæverud var medlem både av Mållaget og Riksmålsforbundet.
Og kven veit, for her i Bergen «er me annleis», ganske særleg når vestlandsidentiteten skal flaggast, og kontrasten til oslo-dominansen skal markerast – slik det er no om dagen, med planane om ein Vestlandsregion. For igjen å sitere bergensaren, bergensentusiasten, og vestlendingen Sjur Holsen: her er me annleis, her nyttar me nynorsk!